Kort notert

Barneombudet taler Roma midt i mot

Publisert: 10.02.2015 kl 13:10

– Oppdragarvald mot born er skadeleg. Det er svært viktig at alle religiøse leiarar, inklusiv eit så stort førebilete for mange som paven, tek tydeleg avstand frå alle former for vald mot born, seier barneombod Anne Lindboe til NRK.

Hennar klare tale kjem etter at paven i førre veke vart sitart i avisa The Guardian på ei historie om ein far som måtte klaska borna sine litt. Faren understreka vidare at han aldri gjorde det i andletet «slik at dei blir audmjuka».

For paven stod dette fram som vakkert Paven fortsette med å dela si eiga reaksjon på dette:

– Så vakkert, tenkte eg. Faren veit betydinga av verdigheit. Han må straffa borna sine, men gjer det på ein rettferdig måte og får saka ut av verda, sa paven ifølgje NRK.

Lindboe krever at dei norske katolikkane tek klar avstånd frå utsegna og oppmodar sine medlemmer til å respektera norsk lov. Mandag sendte barneombodet brev til biskop Bernt Eidsvig i den katolske kirka i Noreg, der ein ber om klargjering av biskopen sitt standpunkt til vald mot born.

Biskopen støttar barneombudet:

– Me skal ikkje slå born uansett kva nemning ein brukar for fysisk avstraffing. Eg trur dette har med kultur å gjera, ikkje religion. Det er ikkje meir enn 30 år sidan det var tillate å slå born i Noreg. Framskritta er vel ikkje like store verda over, seier Eidsvig til statskanalen.

Les heile saka.

« Vis alle notiser

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!