får mye støtte etter at det ble kjent at biskop Ole Kristian Kvarme planlegger å sparke ham."> Når det regnar på presten
Når det regnar på presten

Einar Gelius får mye støtte etter at det ble kjent at biskop Ole Kristian Kvarme planlegger å sparke ham.

Når det regnar på presten

Einar Gelius er i trøbbel. Eller i deep shit, alt ettersom. Men dèt har ikkje noko med religionsfridom å gjera.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
18.11.2010 kl 11:55

Tysdag vart det klårt at Kyrkja vurderer å kvitta seg med sokneprest Einar Gelius. Det er det fleire grunnar til, men ein kan vanskeleg leggja skjul på at boka «Sex i Bibelen» er dråpen som får begeret til å renna over.

Dermed har ein del kyrkjekritikarar fått munndiare.

- Åtaket på Einar Gelius er ein framstøyt frå dei sjølvrettferdige, skriv Magnar Husby, medan Arbeidarpartiet sin stortingsrepresentant Arild Stokkan Grande på Twitter kallar Oslo-bisp Ole Christian Kvarme for «mullah Kvarme».

Om eit arabisk ord for rettslærd eigentleg er eigna som skjellsord, veit eg ikkje, men Stokkan Grande sitt poeng er iallfall tindrande klår. Kvarme er ein vaskeekte mørkemann: «Kirkens budskap skal være kjærlighet, men mullah Kvarme vil heller kneble...».

Statssekretær Guri Størvold i Kommunaldepartementet skriv på Facebook at ho helst vil halda på Gelius, mens Kvarme - derimot - «kan vi godt klare oss uten!».

Lat oss hoppa nokre veker attende. Då boka vart lansert kunne Dagbladet fortelja at Gelius skriv om «rå sex». Det kunne høyrast ut som dette er ei slags sakral utgåve av Jens Bjørneboe sin velkjende roman «Uten en tråd». Marte Michelet kalla Gelius ein «pervoprest» og fokuserte på urinsex, som det ikkje står særleg mykje meir om i boka enn det gjer i Michelet sin eigen kommentar.

Anita Apeltun Sæle var sint, og syntest det var «underlig at noen kan få så mye sprøyt, dog ufyseleg mellom to permer». Hadde ho lest boka? Tvilsamt.

Sjølv om salstala skulle tyda på at ein heil del etterkvart har fått høve til å lesa ho, trur eg eigentleg framleis ikkje at mange av dei som uttaler seg med store ord har gjort nettopp det. For å vera ærleg er dette ei bok som er veldig lett å leggja frå seg. Ho er ikkje særleg interessant. Ho er faktisk ganske keisam.

Gelius skriv ikkje med den heilt store gløden, og i eit forsøk på å få med seg mykje som handlar om sex i Bibelen går han heller aldri særleg djupt. I staden hoppar han frå skriftstad til skriftstad; og leverer sine tolkingar - stundom utvida med ulike betraktningar. Nokre gongar er tolkingane hans ganske ordinære.

Nokre gongar er dei langt frå uhøyrde, og Gelius låner fleire gongar frå jødisk tradisjon. Nokre gongar er dei heller merkelege, som når han tolkar 2. Kongebok 18, 27 til å ha eit fetisjistisk aspekt. Her er den nemnde bibelteksten i samanhang, med det Gelius siterer utheva:

    Tror du kanskje jeg har dratt mot dette stedet for å ødelegge det uten at Herren ville det? Nei, det var Herren som sa til meg at jeg skulle dra opp mot dette landet og legge det øde!

    Da sa Eljakim, Sjebna og Joak til kommandanten: «Tal til dine tjenere på arameisk, for vi skjønner det. Tal ikke judeisk til oss, så folket som står på muren, hører det».

    Men kommandanten svarte: «Tror du min herre har sendt meg for å si dette bare til din herre og til deg? Nei, det er like mye til mennene som sitter på muren, de som snart må ete sin egen skitt og drikke sitt eget vann, likesom dere.»

Frå ein religionsfagleg ståstad hadde boka antakeleg vore langt meir interessant om Gelius hadde gått meir i djubda i dei bibeltolkingane som ikkje er like kreative som denne.

Som teolog Jone Salomonsen - ei av dei som faktisk har lest boka - skriv i si melding i Morgenbladet er dessutan nokre av tolkingane beint fram problematiske. Esters bok - som fortel om kong Xerxes som tvangsseksualiserer hundrevis av unge tenåringsjenter - vert redusert til å stort sett handla om sex. Det er ei heller stemoderlig handsaming av ei av Bibelen sine mest interessante bøker.

Hadde boka vorte betre om Gelius hadde snakka mindre om eige sexliv, og om han hadde gått meir i djubda i diskusjonen av til dømes Esters bok? Utvilsamt. Hadde ho selt like godt? Neppe. Når presten kan lesast til at han sjølv er urinfetisjist, er oppslaga i tabloidavisene sikra. Og ja, nokre av Gelius sine meir kreative tolkingar involverer også bæsj. Likevel er den møkkastormen boka har vorte møtt med nærast grunnlaus. «Sex i Bibelen» er ikkje den boka du trur ho er.

Er det grunn til å sparka Gelius på grunn av denne boka? Det får vera kyrkja sin sak, men det teologiske grunnsynet Gelius legg føre i dei fyrste - og mest lesverdige - kapitla kan nok godt seiast å stå i motstrid med DNK si offisielle lære. Han er neppe den einaste presten i DNK ein kan seia det om. Men det er klårt: når den skilte presten legg til nokre historier om sitt eige sexliv - dei media har fråtsa i - er det neppe noko biskop Kvarme har hatt våte draumar om at skulle prega kristendomsdebatten i 2010.

Slik sett er det langt frå ubegripeleg at Kyrkja tenkjer på å kvitta seg med Gelius. Forlagsredaktør Arve Juritzen, som gav ut boka, kan truleg le heile vegen til banken. Det er grunn til å tru at det meir enn dryp på klokkaren i denne saka. Juritzen nyttar samstundes høvet til å kalla Gelius sitt jobbtrøbbel for eit åtak på religionsfridomen. Til Dagbladet skriv han:

    "Det Gelius har gjort er å lese Bibelen, sitere fra Bibelen og så tolke det hele på en måte som Biskop Kvarme ikke liker. At et differensiert syn på Bibelen i 2010 kan føre til at en prest mister jobben og sparkes ut av kriken (sic!), må jo bety at vi ikke lenger har religionsfrihet i Norge"

Er det noko eg ikkje har fått med meg? Er det nokon som har sagt at Gelius ikkje har lov til å meina det han meiner, eller til å skriva bøker om det? Er det nokon som har meint at det burde vera forbode å lesa fetisjisme ut av 2. Kongebok?

Er det nokon som har sagt at Gelius burde kastast i fengsel, setjast i gapestokk eller jagast naken gjennom Vålerenga park som straff for dette? Eller meiner Juritzen verkeleg at det å vera prest i Den Norske Kyrkja er ein slags menneskerett? Og at denne retten gjeld heilt uavhengig av om dette trussamfunnet vurderer Gelius sine meiningar og handlingar å vera i strid med det kyrkja står for?

Om kyrkja ikkje vil ha Gelius med på laget lenger får det vera deira sak. Om det er klokt av kyrkja å leggja opp til ei ny Hognestad-sak får vera deira business. Om dei verkeleg ynskjer endå meir møkkastorm, får det vera deira problem. Eit trugsmål mot religionsfridomen er det uansett ikkje.

Siste nytt i Kommentar

Forskjellsbehandling i gjære - uttalelser lover ikke godt

KOMMENTAR: – Er Kulturdepartementet i ferd med å skrote likebehandling av tros- og livssynssamfunn? spør Even Gran.

Til dere foreldre på små steder som sier nei til skolegudstjenester

KOMMENTAR: – Når jeg leser historiene som kommer fra Voss og fra mange andre mindre plasser i Norge, kan jeg ikke annet enn å være takknemlig for at vi i byen i det minste slipper bygdedyret.

– Humanismen er det vi kan enes om at den er

KOMMENTAR: – Samtidig må et livssyn ha grenser. Det kan ikke inneholde alt på én gang. Manifestet er det nærmeste vi kan komme et svar på denne utfordringen: En kollektiv formulering av innholdet i humanismen, skriver seniorrådgiver Arnfinn Pettersen i HEF.

Korstog mot kristendommen? Seriøst, Listhaug?

KOMMENTAR: Det smaker kraftig av populisme når Human-Etisk Forbunds prinsipielle motstand mot religiøs forkynning i skolen blir betegnet som en kamp for å rense samfunnet for religion.

En viktig stemme
Å benytte skolen som misjonsmark for å nå utover egne rekker, er ikke akseptabelt

KOMMENTAR: «Beklemmende og respektløs» er blant ordene Bente Sandvig velger å bruke når hun skal omtale biskop Helga Haugland Byfuglien holdning til skolegudstjenester.

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!