Hestehover, toleranse og perversjon

Broniar omfamner ikkje trenge å vere ei bølle, ein slåstkjempe eller ein tøffing. I Brony-kulturen kan du vere grei, hyggjeleg og kle deg i pastellfargar. Og du kan kle deg ut som ein søte ponni kvar helg om det får deg til å føle deg vel.

Hestehover, toleranse og perversjon

Toleranse, kjærleik og venskap fløymer ut av verdsvevens aller styggaste avkrok til temasongen frå barneserien My Little Pony: Friendship is Magic. Kva i all verda er det som foregår her?

Tekst:

Publisert:

NETTKULTUR: For nokre år sidan dukka det opp eit nytt uttrykk på 4chan, den mest berykta og usensurerte delen av internett. På 4chan er det meste lov, og dei anonyme deltakarane fryder seg over alt frå obduksjonsrapporter til teikneseriar. Uttrykket «Bronies» vart først tatt i bruk her, kanskje nedlatande, men snart som honnørord for ei gruppe menn som utan ironi lasta opp bilete av sine favorittponier frå My Little Pony: Friendship is Magic.

Dei fleste av oss som er vaksne i dag hugser nok My Little Pony som ein usedvanleg rosa og plagsam TV-serie på 80-talet, kommersiell til beinet, som hadde som hovudmål å få små jenter til å kjøpe fargerike plastdokker av ponnier.

Ponniar fødd på ny slår an blant fleire enn småjenter

Det færre veit er at serien dukka opp att i ny, oppdatert prakt i 2010 under namnet My Little Pony: Friendship is Magic. Høg produksjonskvalitet, gode manus og bruken av solide skodespelartalent har gjort serien til ein suksess. Kort tid etter serien hadde premiere, vart 4chan og andre nettstader bombardert av bilete henta frå serien, og av originale teikningar av figurane. Dette førte til motreaksjonar, så klart, dette var ikkje noko ein skulle sysle med om ein ikkje var ei 5 år gamal jente. Motreaksjonane gjorde at dei som oppriktig likte desse ponniane rotta seg saman. Dei danna eigne forum og nettsider og byrja å utveksle tankar. Det var desse som fekk namnet «Bronies».

Bronies – frå internettkultur til verkelegheit

Bronies er eit typisk internettuttrykk. Det er uformelt og låner frå ein tradisjon av andre populærkulturelle uttrykk. Det er satt saman av to ord, det eine er «pony», som i ponni og My Little Pony, og det andre er «bro» som er klassisk gateslang og samantrekking av brother, ikkje i forstand som bror, men som kompis, ein du kan lite på. Resultatet er altså brony, eller bronies i fleirtal. På norsk broniar.

Ein brony er i all hovudsak ein gut eller mann som likar My Little Pony: Friendship is Magic

Ein brony er i all hovudsak ein gut eller mann som likar My Little Pony: Friendship is Magic, karakterane i serien, forteljingane som vert fortald og bodskapen desse forteljingane har. Ei vaksen kvinne som likar same serien kan verte omtala som ein «Pegasister», som då er satt saman av orda sister og pegasus.

Den gjennomsnittlege brony er ein gut mellom 16-20, men du finn nok av menn i 20- og 30-åra, og nokre kvinner på slepet. Kor mange er dei? BronyCon, konferansen for Bronies, samla over 8000 deltarar i august 2013. Det er ikkje venta færre deltakarar i 2014. Og dei som dukker opp her er berre den lille andelen av miljøet som har høve og pengar til å komme, og som våger å vise seg ute blant folk. For det er ikkje lite uglesett å vere ein brony. Du skal ha hard hud for å omfamne rosa hestar som din kulturelle markør.

Ein perversitet?

Først fekk broniane hard medfart på 4chan, der dei vart hetsa og herja med av dei andre, og då kulturen spreidde seg til resten av internett rynka dei fleste på nasen. Er dette verkeleg noko for gutar og vaksne menn? For mange er det openbert homofilt å vere ein brony. Det er jo litt i overkant jentete, er det ikkje? Då må dei vere homofile. Berre høyr på korleis dei snakkar, og korleis dei oppfører seg. Ingen av dei vil nokon gong klare å få ei jente til køys. Eller? Andre meiner det ikkje er homofilt, men perverst. Det er ikkje berre snakk om jentegreier, men om ein serie for småjenter. Assosiasjonar til einslege, sveitte menn som sitt og tafsar på plastleiker meint for småjenter vert mana fram i diskusjonsforum. Det er ikkje eit kjekt bilete. Og assosiasjonane til pedofili når små barn sine leiker er involvert er litt for nære.

Assosiasjonar til einslege, sveitte menn som sitt og tafsar på plastleiker meint for småjenter vert mana fram i diskusjonsforum

Brony-kulturen er lett å latterleggjere, slik denne humorvideoen viser.

Men dei held ut. Ein del broniar er, for å vere ærleg, sosialt keitete, og i nokre tilfelle søkjer dei tilflukt i subkulturar som tar i mot slike. Andre er sosialt godt fungerande, dei bryr seg ikkje om klagene mot seg. Dei vil berre vere seg sjølve; trasse kjønnsroller og samfunnets forventingar og seie: «Hei! Eg likar denne serien. Den taler til meg!». Dei aksepterer at det er greitt å vere annleis. Dei aksepterer at om du har lyst til å vere noko anna enn det samfunnet ventar av deg fordi du er gut, så kan du det. Du treng ikkje vere ei bølle, ein slåstkjempe eller ein tøffing. Du kan vere grei, du kan vere hyggjeleg og du kan kle deg pastellfargar om du vil. Og du kan kle deg ut som ein lilla ponni kvar helg om det får deg til å føle deg vel.

Dei vil berre vere seg sjølve; trasse kjønnsroller og samfunnets forventingar og seie: «Hei! Eg likar denne serien. Den taler til meg!»

Bidrar Brony-kulturen til å endre definisjonen av maskulinitet? Sjekk ut denne kjappe refleksjonen omkring maskulinitet og Bronies.

Cloppers – nokon tennar på dette og

For all del, som media er kjempeglade å fortelje om, det er og noko i klagane om perversjon. Det er faktisk dei som har eit seksuelt forhold til dette. Og «Rule #34» på verdsveven krev at det finnes porno dedikert til alt tenkjeleg, så det finnes og «brony-porno». Og det finnes folk som anten tenner på serien, eller å kle seg ut som karakterar frå serien. Både menn og kvinner. Vi kallar dei «cloppers».

Cloppers speler på eit anna populært uttrykk på internett, nemleg «fap» og verbforma fapping. Fap er eit lydord som representerer lyden av den einsame synd, onani – eller fapping som verdsvevens ungdom vil sei det. Å fappe heiter det på norsk, sjølv om uttrykket ikkje er å finne i ordbøkene enno. Clopping er det tenkte lydordet for dei som altså onanerar med hestehover. Ikkje tenk for mykje over det, anten vil ikkje biletet eller fantasien strekke til. Clop, clop, clop.

Clopping er det tenkte lydordet for dei som altså onanerar med hestehover.

Det får meg til å grøsse, men kven er eg til å dømme? Dei gjev broniar eit dårleg rykte så klart. Dei stadfestar alle fordommar resten av samfunnet har mot broniar. Og sjølv om broniane generelt ikkje likar det, så kan dei ikkje gjere anna enn å tolerere og akseptere det. Det er jo litt av det som er poenget med å vere ein brony.

«Love and tolerate the shit out of them!»

Kjærleik og toleranse mot alle odds er dei viktigaste verdiane til broniane. Dette er verdiar som My Little Pony: Friendship is magic ønskjer å formidle. Seriens to første episodar fortel kor viktig venskap er, venskap er faktisk magisk, og står vi vener saman – uansett kor ulike vi er – så kan vi nedkjempe det vonde og sjølviske. Kjærleik vinn over hat og misnøye, toleranse lar oss jobbe i lag og byggje på våre individuelle styrker. Kvar episode har sin moral som byggjer på desse verdiane. Anten det er å akseptere at andre er ulike, korleis vi sjølv er ulike eller korleis vi kan omfamne våre eigne særtrekk, talent og svakheiter.

Kjærleik og toleranse mot alle odds er dei viktigaste verdiane til broniane

Det er kanskje ein teiknefilmserie for småjenter som handlar om fargerike hestar og pegasusar i Equestria, som møter utfordringar dei løyser i lag. Men for broniane er det ein serie som i all hovudsak handlar om korleis vi menneske skal kunne leve i lag – og korleis vi skal møte motstand. Broniane møter hets og sjikane med saklegheit eller ignorering, dei møter det med kjærleik og toleranse. Dei støtter opp om kvarandre og er ikkje redde for å vere seg sjølve. Broniane trassar gladeleg kjønnsrollemønster. For ein brony er det greitt å like rosa, det er greitt å felle tårer, og det er greitt faktisk å bry seg om at vi skal vere gode mot kvarandre. Det er kanskje ikkje særleg «guttete», men som humanist kjenner eg meg att i desse verdiane. Det er noko veldig menneskeleg over at 4chan kan romme både broniar og alskens brutalitet og råskap: Vi menneske er ikkje berre det eine eller det andre, vi er begge delar, og av og til… så har vi eit val.

I år kommer også dokumentarfilmen om Brony-kulturen, A Brony Tale.

Det skumlaste av alt med bronies er at etter å ha sett fleire episodar av My Little Pony: Friendship is Magic, har eg oppdaga at dei har rett. Det er ein godt skriven serie, og den har element som vi vaksne og kan sette pris på.

Ble du nysgjerrig? Sjekk ut Equestria Daily, en blogg om, med og av bronies og pegasisters.


Forrige kommentar frå Kristian Bjørkelo:
Løgn og sanning utanfor kontroll på verdsveven

Se bildet større

Kristian A. Bjørkelo underviser i sosiale medier og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen og er frilansskribent og samfunnsdebattant. Han var redaktør for Gi meg en scene! Norsk blogghistorie på Humanist forlag i fjor. Han skriv om nettkultur for Fritanke.no.

Se bildet større

Teiknefilmserien My Little Pony: Friendship is Magic vart ein suksess da den dukka opp i ny, oppdatert prakt i 2010 - ikkje bare blant femårige jenter. FOTO: Hasbro Studios

Se bildet større

BronyCon samla over 8000 deltarar i august 2013, og dei som dukker opp her, er berre den lille andelen av miljøet som har høve og pengar til å komme, og som våger å vise seg ute blant folk. Dette er frå 2012-konferansen. FOTO: Keith Survell/Wikimedia Commons

Se bildet større

Det å kle seg ut som sine favorittkarakterar frå serien, er og noko av sjarmen med å vere brony/pegasister når dei møtast på BronyCon. FOTO: Keith Survell/Wikimedia Commons

Se bildet større

Kjærleik, toleranse - og vennskap - er dei viktigaste verdiane til broniane.

Se bildet større

I år kommer dokumentarfilmen A Brony Tale. Filmen hadde nylig premiere i USA - her er traileren.

Faktaboks

My Little Pony: Friendship is Magic

Den nyaste inkarnasjonen av My Little Pony som byrja å gå på amerikansk fjernsyn i 2010, og er no i sin fjerde sesong. Hovudpersonen bak serien er Lauren Faust, men er skriven av ei rekkje forfattarar. Denne versjonen av My Little Pony har merkbar høgare produksjonskvalitet enn tidlegare versjonar. My Little Pony er eigd av leiketøysgiganten Hasbro.

4chan

Eit biletforum som opphavleg var dedikert til japanske teikneseriar og teiknefilmar, men vart snøgt populært blant mange ungdommar og vaks til å verte ein sentral stad for anonym kreativitet på verdsveven. 4chan har få regler, og har gjett opphav til subkulturar, hetskampanjer, aksjonar mot dyreplagarar og uttallege internettuttrykk og uttrykksformer. Hackergruppa Anonymous som starta si karriere med åtak på Scientologikyrkja oppstod her. Ein kan ikkje forstå moderne internettkultur utan å ta med den tydinga 4chan har hatt for den. På godt og vondt.

Siste nytt i Kommentar

Forskjellsbehandling i gjære - uttalelser lover ikke godt

KOMMENTAR: – Er Kulturdepartementet i ferd med å skrote likebehandling av tros- og livssynssamfunn? spør Even Gran.

Til dere foreldre på små steder som sier nei til skolegudstjenester

KOMMENTAR: – Når jeg leser historiene som kommer fra Voss og fra mange andre mindre plasser i Norge, kan jeg ikke annet enn å være takknemlig for at vi i byen i det minste slipper bygdedyret.

– Humanismen er det vi kan enes om at den er

KOMMENTAR: – Samtidig må et livssyn ha grenser. Det kan ikke inneholde alt på én gang. Manifestet er det nærmeste vi kan komme et svar på denne utfordringen: En kollektiv formulering av innholdet i humanismen, skriver seniorrådgiver Arnfinn Pettersen i HEF.

Korstog mot kristendommen? Seriøst, Listhaug?

KOMMENTAR: Det smaker kraftig av populisme når Human-Etisk Forbunds prinsipielle motstand mot religiøs forkynning i skolen blir betegnet som en kamp for å rense samfunnet for religion.

En viktig stemme
Å benytte skolen som misjonsmark for å nå utover egne rekker, er ikke akseptabelt

KOMMENTAR: «Beklemmende og respektløs» er blant ordene Bente Sandvig velger å bruke når hun skal omtale biskop Helga Haugland Byfuglien holdning til skolegudstjenester.

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!