Wikipedia"> Geert Wilders - anti-politikkens meister
Geert Wilders - anti-politikkens meister

Geert Wilders, leiar av det nederlanske "Fridomspartiet" står for retten tiltalt for diskrimering, og for å ha sådd hat mot muslimar og innvandrarar. Foto: Wikipedia

Geert Wilders - anti-politikkens meister

Geert Wilders er verken ein liberalar eller ein forsvarar av ytringsfridomen. Difor er det noko ironisk over at tilhengjarane hans kjempar for ytringsfridom, skriv Øyvind Strømmen.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
11.02.2010 kl 09:55

Geert Wilders står for retten i Nederland. Han er tiltalt for diskrimering, for å ha sådd hat mot muslimar og innvandrarar.

Det høyrer med til historia at dei nederlandske påtalemyndigheitene slett ikkje ville stilla Wilders for retten. I 2008 uttalte det nederlandske statsadvokatkontoret at kommentarane hans vel kunne vera vonde og fornærmande for mange muslimar, men at dei ikkje gjorde dei straffbare. - Støtande kommentarar er tilletne i ein politisk debatt, heitte det frå statsadvokaten, - Ytringsfridom speler ei grunnleggjande rolle i offentleg debatt i eit demokratisk samfunn.

Men ikkje alle var nøgde med det, og pådrivarane bak påtalen har pressa rettssaken gjennom. Blant det er den nederlandske anti-rasistiske organisasjonen Nederland bekent kleur (Nederland viser farge). På nettsidene skriv dei at Wilders ikkje driv med religionskritikk, men med framandhat. På ei eiga aksjonsside - Wat wil Wilders? (Kva vil Wilders?) - har dei samla hundre sitat frå Wilders sjølv og frå andre politikarar i partiet hans, Fridomspartiet. Eit samandrag: Wilders går inn for eit forbod mot innvandring frå ikkje-vestlege land. Han vil stenga moskear - og seier seg jamvel viljug til å mura dei att - og islamske skular. Han meiner "politikarane" struntar i nederlendarane og at dei er med i eit samarbeid for å omskapa Nederland til "Nederabia", ein provins i "den islamistiske superstaten Eurabia". Han meiner islam "infiltrerer Nederland", og legg til "nei, heile Vesten". Han går inn for ein hijabskatt på 1000 euro i året, etter prinsippet "ureinaren betaler". Han vil forby "den fascistiske boka" Koranen.

Ein kan med andre ord seia mykje rart om Geert Wilders, men han er definitivt verken ein liberalar eller ein forsvarar av ytringsfridomen. Difor er det noko heller ironisk over at tilhengjarane hans no leverer slagord som "Ytringsfridom? Ja! Islamisering? Nei!".

Ikkje det at dei ikkje har eit poeng: rettsaken handlar definitivt også om ytringsfridom.

Og for Geert Wilders er rettssaken svært gode nyhende. "Nederland bekent kleur" og dei andre initiativtakarane bak rettssaken ber - saman med noko motviljuge påtalemyndigheiter - ved til Wilders-bålet. Dei riggar opp spotlights, feiar scena, heiser sceneteppet. Dei skaper merksemd og kontrovers rundt ein politikar som lever av det. Fridomspartiet søkjer ikkje debatt. Dei søkjer baluba.

Wilders er ingen klassisk europeisk høgrepopulist. Partiet hans liknar ikkje på parti i nabolanda Tyskland og Belgia, der høvesvis NPD og Vlaams Belang har klåre koplingar til nyfascismen. Det liknar heller ikkje på Dansk Folkeparti eller på det norske Framstegspartiet, Wilders sin islamkritikk får i blant Siv Jensen til å høyrast ut som Lars Sponheim. Og der alle dei nemnde partia nok gjerne skulle ynskja seg meir mediamerksemd, vel Wilders og Fridomspartiet (Partij voor de Vrijheid, PVV) snarare å unngå direkte deltaking i media. I tidsskriftet HP/De Tijd - som i Nederland har vorte rekna som eit høgreorientert, jamvel høgrepopulistisk tidsskrift - skriv journalisten Karen Geurtsen om dette høgst uvanlege fenomenet i vesteuropeisk politikk:

    Ein kollega skreiv ein artikkel om ungdom som ville etablera ei ungdomsrørsle for Fridomspartiet. Ho la merke til i kva grad PVV unngjekk media. På e-postar kom det ikkje svar og på telefon vart ho sendt frå den eine medarbeidaren til den andre. Det vart svara med 'Ringjer du no igjen?' på telefonen.

    Frå ein annan kollega skjønte eg at PVV alltid reagerer slik dersom du som journalist har eit spørsmål. Difor står det ofte i avisa at "Geert Wilders ikkje ville gje ein kommentar". Også invitasjonar til fjernsynsprogram takkar PVV sjeldan ja til, og på partimøte vert journalistar regelmessig avvist..

Som eit resultat valde Geurtsen å gå undercover i partiet. I januar publiserte tidsskriftet ei rekkje dagbøker frå tida ho segla under falsk flagg som trainee i PVV. Reaksjonane har ikkje lete venta på seg. PVV-sympatisørar har kalla HP/De Tijd "landsforrædarar" og skuldar dei for "venstrehets".

I desse dagar kjem ei bok om PVV ut frå Geurtsen, men vent ingen avsløringar om at partiet har koplingar til fascistar eller valdelege hatgrupper. Geurtsen sine artiklar i all hovudsak eit studium i anti-politikk som politikk. Eit talande døme er denne kommentaren frå sjefen hennar medan ho var undercover, den nesten ukjende parlamentarikaren og justispolitikaren Raymond de Roon:

    Det er eigentleg svært enkelt. Gå ikkje for djupt inn i stoffet; det handlar om mediamerksemd du kan tena noko på. Islam er ille, regjeringa er ille, andre parti er ille. Og PVV er sjølvsagt bra. Det er utgangspunktet. Internt snakkar me kanskje nyansert om saker, men ikkje utad. Då somnar alle, og journalistane fyrst av alle.

Det er fyrst og fremst slik ein kan skjøna Wilders og partiet hans. Wilders er ein meister i anti-politikk. Wilders og Fridomspartiet profilerer seg ikkje berre på å vera anti-islam og anti-innvandring, men på å vera mot den politiske eliten, mot "linkse kakerlakken" (venstrevridde kakerlakkar), mot alle andre. For Wilders er rettssaken simpelthen ei gåve frå himmelen.

Siste nytt i Kommentar

Forskjellsbehandling i gjære - uttalelser lover ikke godt

KOMMENTAR: – Er Kulturdepartementet i ferd med å skrote likebehandling av tros- og livssynssamfunn? spør Even Gran.

Til dere foreldre på små steder som sier nei til skolegudstjenester

KOMMENTAR: – Når jeg leser historiene som kommer fra Voss og fra mange andre mindre plasser i Norge, kan jeg ikke annet enn å være takknemlig for at vi i byen i det minste slipper bygdedyret.

– Humanismen er det vi kan enes om at den er

KOMMENTAR: – Samtidig må et livssyn ha grenser. Det kan ikke inneholde alt på én gang. Manifestet er det nærmeste vi kan komme et svar på denne utfordringen: En kollektiv formulering av innholdet i humanismen, skriver seniorrådgiver Arnfinn Pettersen i HEF.

Korstog mot kristendommen? Seriøst, Listhaug?

KOMMENTAR: Det smaker kraftig av populisme når Human-Etisk Forbunds prinsipielle motstand mot religiøs forkynning i skolen blir betegnet som en kamp for å rense samfunnet for religion.

En viktig stemme
Å benytte skolen som misjonsmark for å nå utover egne rekker, er ikke akseptabelt

KOMMENTAR: «Beklemmende og respektløs» er blant ordene Bente Sandvig velger å bruke når hun skal omtale biskop Helga Haugland Byfuglien holdning til skolegudstjenester.

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!