Difor kjem konspirasjonsteoriar til å føre til fleire drap

«Dette er ein revolusjon!», erklærte Jerad og Amanda Miller då dei storma inn og drap to politimenn som spiste lunsj i Las Vegas. Revolusjonen haldt fram på nærmaste kjøpesenter, der dei to drap nok eit menneske, før dei tok livet av seg sjølv. Jerad og Amanda Miller høyrde til det aller ytste høgre i amerikansk politikk. FOTO: Faksimile fra internett

Difor kjem konspirasjonsteoriar til å føre til fleire drap

Drapa i Las Vegas går inn i rekka av terrorgjerninger som har har sitt opphav i ein paranoid kultur på høgresida i USA.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
18.06.2014 kl 11:10

«Dette er ein revolusjon!», erklærte Jerad og Amanda Miller då dei storma inn og drap to politimenn som spiste lunsj på Cici Pizza i Las Vegas, Nevada. Revolusjonen haldt fram på nærmaste kjøpesenter, der dei to drap nok eit menneske, før dei tok livet av seg sjølv. Dette var søndag 8. juni. Og det er ikkje lenge til det hender att.

Det er ikkje lenge til det hender att.

Det kan vi seie fordi det har hendt før, utan at ein har tatt noko lærdom av det. Berre nokre få dagar tidlegare hadde Justin Bourque drept tre politimenn i Canada. Facebooksida til Bourque var full av våpenprat, aggresjon mot våpenlovgjeving og dårleg poesi. Han vart fanga etter to dagar, og vil verte stilt for retten i juli for tre drap og to drapsforsøk.

Gjerningsmennene i disse sakene har ofte nokre karakteristikkar felles. Dei kan plasserast på ytre høgre, og det er ting som tyder på at dei er mentalt ustabile. Oftast handlar dei åleine, men i tilfellet Jerad og Amanda var det altså eit «eksentrisk» ektepar som stod bak den blodige ugjerninga. Om det er vrangførestellingar som har skulda, så er det ei delt vrangførestilling.

Frå det ytre høgre

Dei fleste kommentatorar har vore snare til å påpeike at Jerad og Amanda Miller høyrde til det aller ytste høgre i amerikansk politikk. Facebookprofilen syner dette tydleg. Dei støtta opp om liberterianarane Ron og Rand Paul (far og son, evig presidentkandidat og senator), og dei dukka opp på ranchen til Cliven Bundy i april, då den vart omkransa av føderalt politi. Bundy hadde nekta å betale avgift for beite på føderalt land sidan 1993, og i april i år gjorde politiet forsøk på å konfiskere krøtera. Bundy vart ein helt for det ytre høgre, og ranchen vart vakta av folk frå militsrørsla og Tea Party-rørsla, så vel som liberterianarar. Cliven Bundy sine rasistiske utsegn fekk òg støtte frå meir tradisjonelle høgreekstremistar. Og Fox News

Då dei hadde drepe dei to politimennene skal dei ha drapert dei i eit Gadsdenflagg. Gadsdenflagget har dei seinare åra vore varemerket til Tea Party-rørsla, som lik dei eldre militsgruppene hentar sin legitimitet i mytologien til den amerikanske revolusjon.

Paret var tilhengjarar av Alex Jones og Adam Kokesh, begge populære liberterianske radioverter. Sistnemnte har erklært at Jerad og Amanda er dei verkelege ofra, då dei verkelege forbrytarane er staten og deira handlangarar i politiet. Å drepe politi reddar liv.

Alex Jones har på si side forklart det heile som ein «falsk flagg»-operasjon.

Alex Jones har på si side forklart det heile som ein «falsk flagg»-operasjon. Det var dei føderale styresmaktene som arrangerte drapa, for å sverte sine motstandarar. Dette er ikkje så uvanleg frå den kanten – det meste er ein falsk flagg-operasjon hjå Alex Jones. Frå 11. september 2001 til naturkatastrofar. Alt er løgn, alt er orkestrert.

Alex Jones er ikkje berre ein premissleverandør blant amerikanske liberterianarar og militsrørsla, han er ein av verdas fremste konspirasjonsteoretikarar.

Dei paranoide statane

Jerad Miller var ein aktiv bruker av infowars.com, ei av fleire nettsider som Alex Jones står bak (den mest kjende er PrisonPlanet.com), der hans anti-føderale konspirasjonsteoriar vert spreidde. I Alex Jones sitt univers er det ein plan bak alt, og alt som skjer i verda provar eksistensen av ei verdsregjering (New World Order, Illuminati). Det er difor utenkjeleg at ei tragedie som den Miller stod bak, ikkje eigentleg er organisert av denne makta.

Alex Jones er så tydleg paranoid at det er vanskeleg å ta han alvorleg, han hissar seg opp og ser spøkelse på høglys dag. Eller rettare sagt så ser han dresskledde agentar, djeveldyrkarar og kommunistar. Dei står bak «chemtrails», hjernevaskingsprogram, vaksineprogram, restriktiv våpenlovgjeving, konsentrasjonsleirer og forsvinningar.

Dei står bak «chemtrails», hjernevaskingsprogram, vaksineprogram, restriktiv våpenlovgjeving, konsentrasjonsleirer og forsvinningar.

Dette er idear som resonnerer godt hjå systemkritikarar på ytre høgre (og venstre), og dukkar ofte opp blant terroristar som ekteparet Miller. Til dels får ideane legitimitet gjennom TV-kjendisar som Rush Limbaugh og Glenn Beck, og hjå politikarar som Ron Paul som har vitja Alex Jones sitt radioprogram ein del gonger. For ikkje å snakke hjå Tea Party-rørlsa. Kjernen her er ei mistillit til styresmaktene som vi her i Noreg knapt kan forstå. Styresmaktene er fienden for ein kvar sann patriot. Og det er ingenting ein ikkje kan førestelle seg at dei gjer.

Denne paranoiaen samlar grupper med særs ulikt utgangspunkt, frå militsrørsler til hippiar, til motstand mot styresmaktene. Språkbruken er hard og den er valdeleg, revolusjonsromantikken og krigsfantasiane er overveldande. Deira kjærleik til våpen og retten til å bere dei er tydleg. Er det difor så overraskande at nokon faktisk tyr til vald? Det som burde skremme er kor mange som anten vil vekkforklare eller helteforklare Jerad og Amanda Miller.

Konspirasjonsteoriar drep!

Var Jerad og Amanda Miller sinnsjuke eller høgreekstremistar? Er det psykisk sjukdom eller ideologi? Folklorist Audhild Skoglund er blant dei som argumenterer godt for at det ikkje er anten eller. I si siste bok, Sinte hvite menn, syner ho korleis denne type terrorisme kan komme av ein kombinasjon av psykologi og ideologi. Slik er nok tilfellet med Jerad og Amanda Miller.

Jerad hadde ein narkotikadom over seg, og ifølgje naboar skal ekteparet Miller ha brukt methamfetamin. Og det har truleg bidrege til den enorme paranoiaen som dreiv dei til å ta liv.

Konspirasjonsteoriane og paranoiaen som ein finn i desse miljøa er korkje konsekvente eller gjennomtenkte. Ein kan ikkje kalle det ein ideologi. Som det meste av folketru, så er det heller snakk om eit «bricolage» eller eit lappeteppe av ideologiar og førestillingar.

Det er dette lappeteppet av paranoide førestillingar som driv menneske som Jared og Amanda Miller, eller Elliot Rodger og Justin Bourque for den saks skuld. Dei delar desse paranoide førestillingane med fleire, som ikkje er på langt nær like ekstreme eller handlevillige som dei sjølve. Faktisk er slike paranoide førestillingar oppsiktsvekkjande vanlege. Og dei spreier seg.

John Færseth syner i Konspiranorge mellom anna korleis å tru på ein konspirasjonsteori, ofte opnar opp for å tru på fleire konspirasjonsteoriar. Å akseptere ein konspirasjonsteori, å akseptere ein grunn til å mistru styresmaktene og å gjere motstand, opnar opp dørene for fleire konspirasjonsteoriar, meir paranoia. Ein tankefeil som breier om seg som kreft i systemet.

Menneska i desse miljøa er kanskje ikkje psykisk sjuke, men dei har tillært seg eit spesielt paranoid vis å tenkje på, og ser verda gjennom paranoide linser. Dette kjem til uttrykk i språkbruk og deira iver etter å syne andre sanninga, og frustrasjonen over at folk ikkje lyttar og ser det same. Denne frustrasjonen vert tydelegvis for mykje for mange.

Frustrasjonen er lett å finne hjå Elliot Rodger, hjå Breivik, hjå Bourque og andre terroristar som har vore inspirert av konspirasjonsteoriar. Deira videoar og skriftlege notatar er som brøl mot ein ikkje-eksisterande fiende. Terrordåden eit desperat forsøk på å ta kontroll, og samstundes på å vekke verda til sanninga som dei har sett.

Jerad og Amana Miller var overtydd om at dei ikkje var åleine, om at andre ville sjå deira drap som startskotet for ein revolusjon. Det verste er at dei har rett i dette. Dei er ikkje dei første som har latt seg inspirere av paranoide konspirasjonsteoriar til å utføre drap. Og dei er ikkje dei siste heller. Og inntil vi tar innover oss kor farlege konspirasjonsteoriar er, vil det alltid vere ein fare for at slikt skjer. Konspirasjonsteoriar drep.

Se bildet større

Kristian A. Bjørkelo underviser i sosiale mediar og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen og er frilansskribent og samfunnsdebattant. Han var redaktør for Gi meg en scene! Norsk blogghistorie på Humanist forlag i fjor. Han skriv blant anna om nettkultur for Fritanke.no.

Se bildet større

Då ekteparet Miller hadde drepe politimennene skal dei ha drapert dei i eit Gadsdenflagg. «Don’t tread on me» var eit av mottoa tatt i bruk under revolusjonskrigen i Amerika. Gadsdenflagget har dei seinare åra vore varemerket til Tea Party-rørsla.

Se bildet større

Jerad Miller var fan av den populære liberterianske radioverten Alex Jones, som bak blant annet nettstedet infowars.com.

Fakta

Gadsdenflagget
«Don't tread on me» lyder teksten på Gadsdenflagget, og var eit av mottoa tatt i bruk under revolusjonskrigen i Amerika. Flagget vart designa av Christopher Gadsden. Klapperslangen og mottoet er ei åtvaring mot dei som våger å utfordre det amerikanske folket. Flagget har i seinare tid vore nytta av den høgrevendte teapartyrørsla.

Verdsregjeringa
I alle gode konspirasjonsteoriar eksisterar det ein superkonspirasjon, ei verdsregjering eller ei gruppe som ønskjer å danne ei verdsregjering og som har styrer i det skjulte. Dei er ofte omtala som Illuminati, etter ein bayers losje på 1700-talet, eller the New World Order-den nye verdsordninga. Dette er fascisme, kommunisme og alt anna som er gale i tiande potens, og dei er gjerne djeveldyrkarar. Alt som er vondt i verda står dei bak.

Alex Jones
Alex Jones er ein radiovert frå Texas, som har stått bak ei rekkje dokumentarfilmar som skal avsløre Illuminati og New World Order. Noko som og er temaet for hans radioprogram, der han kommenterar aktuelle hendingar i lys av korleis det passar inn i konspirasjonsteoriane han fremjer. Og han kjem med spådomar om kva som kjem til å skje. Det fascistiske verdsdiktaturet har han spådd fleire gonger. Nettsidene Infowars.com og PrisonPlanet.com er nokre av dei meir populære nettsidene han driv, og som presenterar mykje av det same stoffet som radioprogrammet og dokumentarane, og der fleire bidragsytarar skriv.

«Chemtrails»
Ein etterkvart utbreidd konspirasjonsteori er at styresmaktene eller verdsregjeringa manipulerar klimaet («geoengineering») og hjernevasker oss med kjemiske stoffer dei slepp ut av fly. Dette etterlet ei stripe bak flyet, som dei fleste vil kjenne att som kondensstriper, men som ein i konspirasjonsteorimiljøa kaller «chemtrails». For det er alt anna enn harmlause kondensstriper, veit du. Ein industri som sel verktøy for å motvirke chemtrails har vekse opp rundt desse teoriane.

Siste nytt i Kommentar

Forskjellsbehandling i gjære - uttalelser lover ikke godt

KOMMENTAR: – Er Kulturdepartementet i ferd med å skrote likebehandling av tros- og livssynssamfunn? spør Even Gran.

Til dere foreldre på små steder som sier nei til skolegudstjenester

KOMMENTAR: – Når jeg leser historiene som kommer fra Voss og fra mange andre mindre plasser i Norge, kan jeg ikke annet enn å være takknemlig for at vi i byen i det minste slipper bygdedyret.

– Humanismen er det vi kan enes om at den er

KOMMENTAR: – Samtidig må et livssyn ha grenser. Det kan ikke inneholde alt på én gang. Manifestet er det nærmeste vi kan komme et svar på denne utfordringen: En kollektiv formulering av innholdet i humanismen, skriver seniorrådgiver Arnfinn Pettersen i HEF.

Korstog mot kristendommen? Seriøst, Listhaug?

KOMMENTAR: Det smaker kraftig av populisme når Human-Etisk Forbunds prinsipielle motstand mot religiøs forkynning i skolen blir betegnet som en kamp for å rense samfunnet for religion.

En viktig stemme
Å benytte skolen som misjonsmark for å nå utover egne rekker, er ikke akseptabelt

KOMMENTAR: «Beklemmende og respektløs» er blant ordene Bente Sandvig velger å bruke når hun skal omtale biskop Helga Haugland Byfuglien holdning til skolegudstjenester.

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!