her og her.Det førte til reaksjoner både for og i mot, også på Fritanke.no:-Smålig aksjon fra Humanistisk Ungdom-Rosverdig aksjon fra Humanistisk Ungdom-Vi har en god sak!- Å bake pepperkaker utan å få smake-Både god sak OG god aksjon- Svar til Helene Lindqvist "> Snorre Standish Norheim: Kva er det Humanistisk Ungdom eigentleg vil ha sagt?
Snorre Standish Norheim: Kva er det Humanistisk Ungdom eigentleg vil ha sagt?

Før jul aksjonerte Humanistisk Ungdom mot gudstjenester i skolens regi. Les om det her og her.Det førte til reaksjoner både for og i mot, også på Fritanke.no:-Smålig aksjon fra Humanistisk Ungdom-Rosverdig aksjon fra Humanistisk Ungdom-Vi har en god sak!- Å bake pepperkaker utan å få smake-Både god sak OG god aksjon- Svar til Helene Lindqvist

Snorre Standish Norheim: Kva er det Humanistisk Ungdom eigentleg vil ha sagt?

Slik det ser ut no jobbar Humanistisk Ungdom ad hoc. Ein kjempar altså mot saker, men er det alt organisasjonen skal jobba for? Utan noko eige vert or...

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
06.01.2009 kl 10:15

Slik det ser ut no jobbar Humanistisk Ungdom ad hoc. Ein kjempar altså mot saker, men er det alt organisasjonen skal jobba for? Utan noko eige vert organisasjonen ei samling av motstandarar, og ikkje av forkjemparar, skriver Snorre Standish Norheim, som er lokallagsleder i Humanistisk Ungdom på Jæren.

Publisert: 6.1.2009

Aksjonen Humanistisk Ungdom har gjennomført, har reist naudsynt debatt om julegudstenestene, som kvar desember månad vert haldne over det ganske land. Vidare er debatt om aksjonsforma reist. Endå viktigare er ein debatt om kva det er Humanistisk Ungdom eigentleg vil ha sagt.

Når det gjeld å skapa åtgaum, har Humanistisk Ungdom (HU) vore gode. Krava om at gudstenesta ikkje skal vera i regi av skulen, at gudstenesta ikkje skal verta halden som skuleavslutning m.m., må verta haldne. Skular over heile landet deltek årleg i julegudstenester, utan at reelle tilbod vert gjevne. Korkje semje ved passivitet eller tradisjonar er grunnar gode nok til at skulegudstenesteordningar landet rundt permitterer valfridommen mellombels.

Likevel har ein vorte kritisert for aksjonen, av di skulegudstenesteordninga ikkje er obligatorisk. Problemet er sjølvsagt at det heiter at slik skal det vera, men at det ikkje på langt nær alltid er slik. Det er dette som er kjernen, likevel gjer retorikk om dissonans mellom aksjonen og humanistisk toleranse, seg gjeldande. Klarer ein ikkje å understreka at nettopp den individuelle trusfridommen er bakgrunnen for aksjonen, og at julegudstenestene er i strid med denne, sit ein att med ein lite respektfull aksjon og eit framleis latent siktemål, som ikkje heilt er vorte oppfylt. Er det råd til å koma med kritikk på dette punktet, har ein ikkje vore klåre nok. Det er problematisk at ein fell for retorikken frå dei som er imot aksjonen. Det verkar nemleg for enkelt.

Det ein i samband med julegudstenesteaksjonen skulle ha sagt, var at øyreproppane er eit symbol for at det finst mange menneske i Noreg som ikkje vert høyrde når den kristne kulten vert kollektiv gjennom skulen - utan den einskilde sitt samtykkje. Til saman utgjer desse ei stor gruppe, som det òg må takast omsyn til. På denne måten hadde ein understreka at ein ikkje fører krosstog mot kristendommen. Ved å ikkje nemna dette punktet direkte, gav ein både grobotn og grunn til slik skepsis. Somme vil meina at kritikken då kjem med rette. Det som då skjer, er at ein kan koma i konflikt med det synet eigne medlem måtte ha på saka, men òg det som er det eigentlege målet ved aksjonen.

Det er med blanda glede eg ser overtydde representantar for HU, uttrykkja argumenta sine ved hjelp av døme frå såre forteljingar og retoriske spørsmål utan tyngd, sett noko på spissen. Men dette handlar om å visa seriøsitet. Skal ein koma med døme, skal dette koma etterpå. Vising til einskildsaker er dårleg argumentasjon - ståande åleine. Nyleg fekk eg referert ei utsegn frå ein teaterinstruktør, som hevda det var umogleg å setja opp ei god framsyning utan å kunna gjeva att innhaldet i forteljinga. Det kan sjå ut som om Humanistisk Ungdom har falle i denne fella: ein skal kunna stoffet sitt.

Det er viktig å hugsa at ein har ansvar overfor medlemma i organisasjonen. Det er einskildpersonane som utgjer organisasjonen, og det må ein vera klår over. Fleire har reagert på aksjonen - blant desse medlem. Slagordet i samband med julegudstenesteaksjonen er - slik somme har vore inne på - fullstendig blotta for relevans, og i strid med kva mange meiner HU er tuft på. Det å kunna stoffet sitt, og så presentera det, går ut på å veta kvar medlemma står, og så uttrykkja dette. Klarer ein ikkje det, provar ein at ein slett ikkje er sikker på kva det er.

Nettopp fokuset som er kome på HU som vil stengja Guds ord ute inne i kyrkja, er uheldig av di det verkar hemjande sidan dialog er prioritert i HU; samstundes er det svært treffande: Det vert saka som er viktig, framføre kvifor Humanistisk Ungdom er rett organisasjon til å diskutera og lyfta han fram. Slik det ser ut no jobbar HU ad hoc. Ein kjempar altså mot saker, men er det alt organisasjonen skal jobba for? Utan noko eige vert organisasjonen ei samling av motstandarar, og ikkje av forkjemparar. Ein har sine røter og si livgjevande saft i det ein kjempar mot. Eksistensgrunnlaget er såleis ikkje særleg solid - og heller ikkje særleg samlande.

Det er all grunn til å slå fast at rekrutteringa ikkje er blant dei enklaste oppgåvene HU har. Samstundes er det, i alle fall for ein periode fram til organisasjonen er stabil, kanskje den viktigaste. Det har vist seg at spreidde lokale tiltak ikkje er nok. I heile si korte levetid har HU vore lite synlege nasjonalt, men aksjonen er eit steg i riktig retning. Det lyt vera klårt for alle at satsinga må skje nasjonalt, for å kunna skapa vekst. Berre på den måten kan HU visa seg som eit seriøst og truverdig tilbod. Dette føreset satsingar som julegudstenesteaksjonen, men i tillegg arbeid for å gjera HU som produkt godt nok.

Som forsøkt illustrert ovanfor ved å sjå på julegudstenesteaksjonen, er grunnlaget for synspunkta organisasjonen har, ikkje klårt nok. Dette er særleg problematisk når det kjem til rekrutteringsarbeid. Sjølv vil eg, som personleg ikkje nødvendigvis er samd ideologisk, understreka tydnaden ideologi har for vekst. Berre eit overhengjande medvit når det gjeld det ideologiske grunnlaget, kan forklåra behovet for ein ungdomsorganisasjon som Humanistisk Ungdom. Som sosialt fellesskap, og utelukkande det, er ikkje HU liv laga. Dette er prova gjennom den korte tida organisasjonen har vore til. Eit legitimt krav må då vera at Humanistisk Ungdom er medviten bakgrunnen sin. Det er trass alt ikkje overraskande at potensielle medlem krev innhald.

Sentralt for HU er det å vera kritisk, og julegudstenesteaksjonen er nettopp det. Det heiter i plattforma til HU at: HU skal kombinere tolerant dialog med saklig livssynskritikk. Det ville vera direkte usakleg om ikkje Human-Etisk Forbund (HEF) vert ramma minst like hardt av denne kritikken. Ein må med alvor forstå at HEF òg skal vera sikteskjeve for kritikk, viss organisasjonen har handla eller uttrykt seg på uheldig vis. Ein lyt snart la fornuftstankane få vengjer i HEF òg, og HU må vera ein bidragar. Men éin ting skal Human-Etisk Forbund ha, og det er at dei er innstilte på å ha noko å seia i mengd forskjellege saker. Denne haldninga må HU vilja adoptera: det å vera viktig. Eit langt meir kritisk tilhøve frå HU si side overfor HEF er naudsynt, slik at HU faktisk kan vera med på å påverka. På denne måten kan HU kanskje, slik målet ved skipinga var, vera med på å vitalisera humanistiske interesser i Noreg.

Kritikk mot HEF skulle det vera gode grunnar til å koma med no. Både styreleiar Åse Kleveland og generalsekretær Kristin Mile, var til stades på Tjøme 16. august 2007, den dagen då Humanistisk Ungdom fekk både eit namn og ein start. I ei sak i Fri Tanke 02-2007 side 10, heiter det: - Jeg gleder meg til å være med på oppbyggingen av den nye ungdomsorganisasjonen, sier HEFs nye styreleder. I den neste utgåva av Fri Tanke, fylgde generalsekretær Kristin Mile opp på leiarplass, med optimisme knytt til den då nystarta organisasjonen. Kutta i økonomisk støtte frå HEF til HU, tilseier at Human-Etisk Forbund er gått lei allereie. Løftebrotet er reelt og det gjer seg gjeldande gjennom ein langt dårlegare økonomisk kvardag for HU. Dette skjer samstundes som at Humanistisk Ungdom enno er i oppbygnadsfasen.

Somme ville kanskje meina at Humanistisk Ungdom med julegudstenesteaksjonen har kome eit skritt vidare. Viss så faktisk er tilfelle, er det bra. Medvit om eiga rolle er sentralt for at organisasjonen skal kunna bestå, og vonleg veksa. Kritikk må koma som fylgje av konsensus i organisasjonen, samstundes som at seriøsitet er avgjerande for vekst. Skuffinga over veksten så langt er der, og det med rette, men det er for tidleg å slutta av allereie. Julegudstenesteaksjonen ber vitnesbyrd om noko lovande. Det er derimot klårt at ein ikkje vil oppfylla krava framtida stiller, ved å fylgja ei generell line utan innhald, slik tilfellet har vore fram til i dag. Det har vist seg å ikkje fungera.

Snorre Standish Norheim,
lokallagsleiar i Humanistisk Ungdom, Jæren lokalag

Siste nytt i Debatt

Biskop svarer Sandvig: Kirken og skolegudstjenestene

Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin mener seg misforstått i Vårt Land-artikkelen Bente Sandvig, fagsjef i Human-Etisk Forbund, siterer.

Skolegudstjeneste = gudstjeneste minus kristendom?

– Skolegudstjenester kan uansett tilpassing aldri bli inkluderende, skriver nestleder i Humanistisk Ungdom, Øistein Sommerfeldt Lysne.

Grue har misforstått kampen for aktiv dødshjelp

– Vi kjemper ikke for et samfunn der staten skal hjelpe alle til å dø hvis lykkeindeksen ikke holder mål, skriver Ole Peder Kjeldstadli, styreleder i Foreningen Retten til en verdig død.

HEF-medlem Åsne Tveito er kritisk til at Human-Etisk Forbund ga seminarplass til filosof Ole Martin Moens tankegods om forbedring av menneskerasen.

Morten Horn framstår selv som en humanistisk «yppersteprest»

Anniken Fleisje mener Morten Horn selv postulerer ett syn på krig og livssynsbetjening som den rette humanisme. OPPDATERT: Les Morten Horns svar.

DEBATT: Morten Horn svarer på Anniken Fleisjes utspill om at Horn selv «forteller oss andre hva livssynet vårt går ut på og hva vi bør tenke».

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!