Øyvind Strømmen: Velkomen komplettering

Det er openbert at det trengst meir informasjon og debatt om [HAMAS] i norsk opinion. Publiser: 2.4.2009 I et lesarinnlegg publisert på Fritanke.no ...

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
02.04.2009 kl 14:35

Det er openbert at det trengst meir informasjon og debatt om [HAMAS] i norsk opinion.

Publiser: 2.4.2009

I et lesarinnlegg publisert på Fritanke.no 1. april ynskjer Erni Gustafson å komplettera biletet eg gav av Hamas i nr 1-09 av Fri Tanke. Det synest eg er gledeleg, for det er openbert at det trengst meir informasjon og debatt om denne rørsla i norsk opinion.

Ein heil del av det Gustafson skriv har eg også ingen problem med å vera einig med han i. Det kan rett nok diskuterast kor vidt Hamas og den israelske sionismen "er to sider av same mynt", slik Gustafson hevdar. Mykje av israelsk sionisme ber preg av langt meir tradisjonell nasjonalisme, og mykje av han er sekulært orientert. Han har soleis meir til felles med arabisk og palestinsk nasjonalisme slik denne vert uttrykt i andre organisasjonar - til dømes Fatah - enn han har med den sterkt religiøst orienterte ideologien Hamas står for.

Samstundes er det ingen tvil om at israelsk politikk, krigføring og undertrykking av palestinarane i høgaste grad spelar ei rolle for utviklinga av Hamas si tenkning. Undertrykkinga er - saman med Hamas sitt omfattande sosiale arbeid - samstundes vesentleg for å skjøna kvifor organisasjonen har vorte så populær.

Gustafson skriv at det er viktig å lesa andre og nyare kjelder til Hamas sin ideologi enn organisasjonen sitt charter. Det har han sjølvsagt heilt rett i, og det er også grunnen til at eg blant anna har referert det uoffisielle partiorganet Filastin al-Muslima i min artikkel. Charteret er likevel langt frå irrelevant, og den kombinasjonen av islamisme, nasjonalisme og jødehat ein finn der er å finna igjen i Hamas sin politikk - også i 2009.

Øyvind Strømmen

Siste nytt i Debatt

Morten Horn framstår selv som en humanistisk «yppersteprest»

DEBATT: Anniken Fleisje mener Morten Horn selv postulerer ett syn på krig og livssynsbetjening som den rette humanisme. OPPDATERT: Les Morten Horns svar.

DEBATT: Morten Horn svarer på Anniken Fleisjes utspill om at Horn selv «forteller oss andre hva livssynet vårt går ut på og hva vi bør tenke».

Vi stiller opp som livssynssamfunn

DEBATT: Det er bedre at Human-Etisk Forbund, og ikke staten, sertifiserer felthumanister, skriver Kristin Mile.

– Canada har vedtatt en juridisk, medisinsk og pasientrettslig uholdbar dødshjelplov
DEBATT: Alt for mye religionskritikk, HU?
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!